Idrettsråd

Denne artikkelen er over 1 år gammel og kan innehold utdatert informasjon

Idrettsråd

Suldal Idrettsråd er kommunens høgste idrettspolitiske rådgjevande organ i saker som gjeld idrett og friluftsliv i kommunen.

Idrettsrådet er eit felles organ for all idrett i kommunen som er organisert i Norges idrettsforbund og olympiske og paralympiske komité (NIF) gjennom idrettskretsen, og underlagt NIFs lov og bestemmelser. Alle idrettslag med medlemskap i NIF vert automatisk medlem av sitt tilhøyrande idrettsråd.

Kommuneplan 2015-2024 for Suldal kommune seier dette om kommunens mål for folkehelsa til innbyggjerane:

«God livskvalitet for alle i Suldal. Alle som bur og oppheld seg i Suldal skal møte trygge lokalmiljø som inviterer til ei aktiv fritid og fremjar god helse og trivnad. Kommunen skal bidra til aktivitet, mangfald og attraktivitet når det gjeld anlegg og område for idrett, friluftsliv, fysisk aktivitet og leik. Med det nye badeanlegget vil anleggsbehovet i Suldal vera godt dekka. Mest ressursar i framtida vil knyta seg til rehabilitering og fornying av eksisterande anlegg.»

Overordna mål for Suldal Idrettsråd:

Idrettsrådet skal arbeide for best moglege vilkår for idretten i Suldal kommune. Idrettsrådet skal vera ein arena for samarbeid mellom idrettslaga i kommunen, mellom idrettslaga og Suldal kommune og mellom idrettslaga og Rogaland Idrettskrets.

Om idrettsrådet

Suldal Idrettsråd består av 5 medlemmer og 2 varamedlemar, 2 revisorar, valkomité med 3 medlemar og 1 varamedlem. Desse vert valde mellom medlemmer i idrettslaga tilslutta Suldal Idrettsråd.

Suldal Idrettsråd har 3-4 møter i året, og skal blant anna:

  • Dokumentera og synliggjera idrettslaga og idretten i lokalsamfunnet
  • Styrka idrettens rolle og betingelsar i Suldal kommune
  • Bidra med fordeling av kommunale midlar og LAM midlar
  • Føreta prioriteringar på vegne av idrettslaga for mellom anna planar for anleggsutbyggjing, aktivitetsutvikling og prioritering av spelemidlar
  • Arbeida for auka driftstilskot til laga