Suldal kommunale næringsfondFondet skal yta økonomisk stønad til tiltak som kan fremja næringslivet i grendene som er råka av vassdragsreguleringar som følgje av Røldal-Suldal kraft. Kven kan søkja? Enkeltpersonar, foreningar, andelslag, aksjeselskap og offentlege institusjonar kan søkja om tilskot. Når kan eg søkja? Frist for å søkja er 15.02. Søknadane blir behandla etter dette. Kor kan eg søkja? Du kan søkja via søknadsportalen vår herSøknaden bør dokumenterast med følgjande vedlegg der det er relevant:bilete/kartutsnitt/teikningar Filtypar du kan lasta opp er: pdf, png, tiff, jpg, jpeg, doc og docx. Korleis sender eg ettersending av dokumentasjon? Du sender dokumentasjon via skjema som du finn her Les vedtektene her Du kan lesa vedtektene til Suldal kommunale næringsfond her. (PDF, 124 kB) Publisert 24.09.2024 22.21