Tobakkssal

Tobakkssal

Alle verksemder som sel tobakksvarer og tobakkssurrogat (som e-sigaretter) skal sjølv registrere sine salgsstadar i Tobakkssalgsregisteret. Sal av tobakksvarer eller tobakkssurrogat på stadar utan registrering er ulovleg frå 1. januar 2018.

Tobakkssalssregisteret

Tobakkssalssregisteret er offentleg og skal gi oversikt over:
•    lovlege salgsstadar og grossistar av tobakksvarer og tobakkssurrogat
•    kva for salgsstadar og grossistar det lovleg kan omsettast tobakksvarer og tobakkssurrogat til og fra
•    kva for salgsstadar og grossistar det skal førast tilsyn med.

Tobakkssalregisteret

Målgruppe

Det er verksemda som er juridisk ansvarleg for salgsstaden som er registreringspliktig. Dersom verksemda har fleire salgsstadar, skal kvar enkelt salgsstad registrerast.
Registreringsplikta gjeld både fast og midlertidig sal.
At alle salgsstadar må registrerast inneber at omreisande sal kun er tillatt der kvar enkelt salsstad er registrert, slik at kommunen kan føre tilsyn der salet skjer til kvar tid.

Kriterie/vilkår

Det er ingen spesielle vilkår for registrering, anna enn at verksemda må vere registrert i Enhetsregisteret.

Pris for tenesta

Det kostar ingenting å registrera verksemda i registeret. Men kommunen krevjer ei årleg tilsynsavgift. Oversikt over gebyr for sal, skjenkeløyver og tobakk

Lovar

Tobakkssalforskrifta

Tobakksskadelova

Folkehelselova

Internkontroll

Det er salsstaden sitt utøvande sal og internkontrollen som er gjenstand for tilsyn. Kontrollane i Suldal utførast av vertskommunesamarbeidet NoRoSun. Salsstadar/detaljistar pliktar å etablera ein internkontroll jf. tobakksskadeloven § 5. Internkontrollen skal vere tilpassa den enkelte salsstaden og blant anna bidra til at dei tilsette har tilstrekkeleg kunnskap om regelverket.

Krav til innhald i internkontrollen

  • Tobakksskadelova
  • Tobakkssalsforskifta
  • Dokumentasjon på årleg opplering av tilsette
  • Verksemdas organisering - organisasjonskart
  • Rutiner for tobakkssal og førebyggande tiltak mot avvik.
  • Avviksskjema

Ved brot kan kommunen kan pålegga retting og tvangsmulkt etter tobakksskadeloven § 8 eller gi salgsforbod etter tobakksskadeloven § 9.

Marit Bog
E-post
Telefon 45 61 50 33
Mobil 45 61 50 33