Straumstøtte til næringslivet
Kommunestyret i Suldal har vedteke ei kommunal tilskotsordning for lokale verksemder råka av auka utgifter grunna høge straumprisar. Dette er tilsvarande ordning som private hushald, landbruket og veksthusnæringa har fått frå statleg hold.
Kort om straumstøtta
Me gir straumstøtte til næringslivet når straumprisen er over 70 øre/kvh.
Målarnummer/Målepunkt-ID må vere registrert på eit organisasjonsnummer med kode næring. Det må kome klart frem av fakturaen.
- Støtta skal vera tilsvarande den statleg støtta for jordbruket og veksthusnæringa. Støtta dekkjer 80 % av kostnadane over 70 øre /kWh eks mva for straumforbruket i månadane april til og med september og 90 % av kostnadane over 70 øre /kWh eks mva i oktober, november og desember. Grunnlaget er gjennomsnittleg spotpris i månaden.
- Me utbetaler støtta kvar tredje månad etter søknad.
- Ordninga gjeld alle små og mellomstore verksemder. Små og mellomstore verksemder blir definert som verksemder med mindre enn 100 tilsette og mindre enn 100 millionar kr i årleg omsetning.
- Ordninga gjeld ikkje for offentlege verksemder.
- Ordninga gjeld ikkje for produsentar av kraft.
- Me gir støtte for forbruk på inntil 50 000 kWh per verksemd per månad.
- Verksemda må stadfeste at dei ikkje er omfatta av ei statleg ordning.
- Verksemda må stadfeste at dei ikkje kjem over grensa for bagatellmessig støtte.
- Ordninga er tillitsbasert. Dei som misbruker ordninga må tilbakebetale støttebeløp med renter.
Slik søkjer du
- Du må søkja støtte kvart kvartal.
- Søk via digitalt søknadsskjema i lenka under.
- Søknaden må dokumenterast med faktura for straum for kvart kvartal.
- Søknad skal signerast digitalt ved innsending.
Søknadsfrist
- 1. kvartal - 15. mai
- 2. kvartal - 15. august
- 3. kvartal - 15. november
- 4. kvartal - 20. januar
Søknadsskjema for straumtilskot til næringslivet
Publisert 24.09.2024 22.48