Kommuneplan 2022-2034

Kommuneplan 2022-2034

Kommuneplanen er det viktigaste styringsdokumentet vårt og vil setta retning for Suldal kommune dei neste 12 åra. Difor er me glade for at me i høyringsrunden har fått inn fleire ulike innspel, faglege råd og motsegn. No vil me gå gjennom alle innspela og mellom anna ha dialogmøte med ulike overordna mynde. 

Prosess med kommuneplanen

2. gongs avgrensa høyring av kommuneplanen sin arealdel

Mellom 01.06-07.08 er arealdelen ute på ei avgrensa høyring. 

07.08.2023

Dialog med ulike mynde om arealdelen

I denne perioden vil me gå gjennom ulike innspel, faglege råd og motsegn som er kome inn i høyringsrunden. Me vil også gå i dialog med overordna mynde. Det er usikkert kor lenge denne fasen vil bli. Me oppdaterer denne sida etter kvart som me kjem vidare i prosessen. 

01.06.2023

Kommunestyret skal sakshandsama samfunnsdelen

23.02.2023

Kommunestyret utsetter 2. gongshandsaming av samfunnsdelen til februar 2023

15.12.2022

Frist for høyringsinnspel

01.09.22 gjekk høyringsfristen ut. Me har motteke fleire innspel, faglege råd og motsegn. 

01.09.2022

1. gongs sakshandsaming av samfunnsdelen og arealdelen i kommunestyret

20.06.2022

Planprogrammet vedteke i kommunestyret

Skjermbilde av planprogrammet til kommuneplanen - Klikk for stort biletePlanprogram kommuneplan Suldal kommune

Planomtalen finn du ved å følgje denne lenka.  (PDF, 31 MB)

 

23.02.2021

 

Kommuneplanen sin samfunnsdel

Samfunnsdelen av kommuneplanen handlar om korleis me vil ha det i Suldal, og kva me må gjera for å få det til. Planforslaget bygger m.a. på innspel frå innbyggarar, politikarar og tilsette i kommunen.

Her kan du lesa samfunnsdelen av kommuneplanen.  (PDF, 11 MB)

 

Kommuneplanen sin arealdel

Arealdelen av kommuneplanen vert styrande for arealbruken i kommunen dei kommande åra. Det er kome inn over 40 forslag til arealendringar. Konsekvensutgreiingane av desse ligg ved i kommunestyresaka. Dokumenta som er på høyring er planomtalen, føresegner og retningsliner og arealplankartet.

 

Arealplankartet

Arealplankartet viser arealformål, noverande og framtidige, og områder med gjeldande reguleringsplanar. Omsynssoner og aktsemdområder kan ein skru av og på i menyen. (Menyen kjem fram med å klikke på kommunevåpen i venstre hjørne).

Suldal kommune - Kommuneplan 2022-2034 - Arealplankart

Torill Telstad
E-post
Telefon 99 40 34 39
Mobil 99 40 34 39