Følg utviklinga i prosjektet

Følg utviklinga i prosjektet

Ny elevheim står klar

01.08.2025

Bygget tar form

No har me sett på plass klimaveggane med vindauge (ferdigelement). Det står att nokre område som skal konstruerast direkte på staden før me kan fastslå at dei utvendige veggane er fullførte.
Me held fram med takkonstruksjonen i samsvar med planen.
 

Byggeprosjekt - Klikk for stort bileteRygjatun Suldal kommune
27.06.2024

Markering av Råbygg saman med grunn- og betong entreprenørar.

Ny elevheim - Klikk for stort bileteRygjatun Suldal kommune

Dette er meir enn berre ein bygning; det er ein stad der Toppvoley Norge elevane vil bu, lære og vekse. Vi ser fram til å sjå korleis dette prosjektet utviklar seg og til slutt blir eit heim for dei.»

04.06.2024

Omvisning på byggeplassen

I dag har partnarskapet ToppVolley fått omvisning på byggeplassen. Dei var stornøgde med framdrifta i prosjektet, og gledar seg til elevheimen skal stå ferdig skuleåret 25/26.

I partnarskapet er: 

  • Rogaland fylkeskommune
  • Sauda kommune
  • NVBF, Norges Volleyballforbund
  • Statkraft
  • Suldal kommune
Rygjatun ny elevheim - Klikk for stort bileteBesøk på byggeplassen Suldal kommune Rygjatun ny elevheim - Klikk for stort bilete Suldal kommune
15.05.2024 02.00

Byggestart ny elevheim

Byggestart ca. mars 2024

01.03.2024

Me graver ut ny tomt i løpet av Januar 2024

01.12.2023

Rivearbeidet av den gamle elevheimen er i gong

Rivearbeid - Klikk for stort bileteGamal elevheim Rygjatun Suldal kommune

 

Entreprenøren jobbar no med 2 maskinar, ein som riv og ein som sorterer. 
Arbeidet vil pågå frå:

  • Kl. 07:00 – 19:00 måndag til torsdag
  • Noko dagtid på fredagar
  • Unnataksvis laurdagar må og reknast med. 

 

21.11.2023

Me river den gamle elevheimen

Rivearbeidet vil pågå frå ca. midten av oktober 2023 til januar 2024. 

16.10.2023

Prosjektetstart

18.09.2023