Stipendordning for suldalsungdom ved Sauda vgs
Retningslinjer for utbetaling av stipend
Alle elevar tilhøyrande Suldal kommune kan søkja om stipend, dersom dei går på Sauda vidaregåande skule.
Stipendet blir utbetalt med kr 1000,- i månaden frå og med september til og med juni.
Eleven må senda ein digital søknad for å få stipend. Søknaden er utforma med avtale på siste side. Dersom retningslinjene for stipend vert oppfylla er avtalen gjeldande og stipendet vert utbetalt frå og med påfølgande månad.
Søknadsskjema
Her finn du søknadsskjema
Du må legga ved stadfesting på skuleplass ved Sauda vgs i søknadsskjema.
Dersom du avsluttar skulegongen i løpet av året er du plikta til å melda frå til Suldal kommune. Utbetaling av stipend vert då avslutta.
For elevar under 18 år må føresette samtykka til avtalen.
Her finn du samtykkeskjema for føresette.
Publisert av Martine Førre
Publisert 18.08.2021 15.56