Energieffektiviserande tiltak

Energieffektiviserande tiltak

Ofte stilte spørsmål om støtte til straumtiltak

Er alle støtteordingane for energieffektiviserande tiltak publiserte?

Ja, det er dei. 

Du finn alle søknadsskjema ved å følgja stega under. 

 

Kor lenge varer ordningane?

Ordningane varer foreløpig ut 2024. 

Når blir tilskotet utbetalt?

Du får tilskotet utbetalt når tiltaket er utført og kommunen har fått kopi av faktura.

Eg leiger ut ei leilegheit. Kan eg få varmepumpe-tilskot til leilegheita i tillegg til for huset mitt?

Ja. Dersom du leiger ut leilegheit/hus til bustadføremål (ikkje hytte), kan du få støtte til ei varmepumpe til. Utleigeforholdet må vare meir enn 12 
månader. 

Må eg søkje om tilskot før eg gjennomfører tiltaket?

Me anbefaler næringslivet og lag/organisasjonar å søkja og få innvilga støtte før ein bestiller materiale og tenester, eller inngår avtale med leverandør. Dersom ein set i gong før du får tilsegn gjer ein det på eiga risiko. 

Private kan søkja både i forkant og etterkant.

Kan eg få help til å søkja?

Ja, kom innom kommunehuset så vil me hjelpa deg. Hugs å ta med dokumentasjon for tiltaket og brikke/mobil som du treng for å logga deg på med bank-id. Dersom du ikkje har bank-id kan du ta med annan gyldig legitimasjon.

 

Dersom du ønskjer å søkja om støtte kan du følgja stega under

Ronny Mehus Rugland
E-post
Telefon 95 73 16 67
Mobil 95 73 16 67