Fysioterapi
- Oppfølging og opptrening til aktuelle brukarar med vedtak på korttids- eller langtidsplass på sjukeheim
- Fallførebyggjande tilbod for heimebuande
- Parkinsongrupper
- Fysioterapibehandling og trening på avdelinga til dei som har skade eller plage og treng fysikalsk hjelp.
- Fysioterapi til heimebuande som har behov for behandling
- Bassenggrupper for vaksne.
Ergoterapi
Ergoterapeutane jobbar for at folk kan bu heime lengst mogleg og i størst mogleg grad utføre kvardagsaktivitetar sjølv.
Me gjer kartlegging i heimen og formidlar naudsynte hjelpemiddel og rettleier i forhold til eventuell ombygging av bustad.
Me formidlar hjelpemiddel innan bevegelse, for syn- og hørselstap og kognitive hjelpemiddel.
Bassengtrening
Me har bassenggrupper for born og vaksne. Kvar bassenggruppe får tilbod om 8 gonger bassengtimar. Etter 8 gonger blir gruppene skifta ut, og gruppa du deltar i tar pause i 8 veker.
Du som får plass midt i eit forløp, følger framleis gruppa di med hensyn til antal gonger og pausar. Målet vårt er at kvar gruppe skal få to rundar med bassengtrening kvart år (totalt 16 gonger i løpet av eit kalenderår).
Treninga er til musikk. Bassengtreninga følgjer skuleruta til skulane i Suldal kommune og er stengt i feriar og heilagdagar.
Alternativt tilbod medan du har pause frå bassengtreninga - Mensendiecktrening
Som eit alternativt tilbod til deg som har pause frå bassengtreninga, har me eit parallelt gruppetilbod på land: Mensendiecktrening i gymsalen på Rygjatun.
Trening utan utstyr med kroppsvekt. Alle øvingane kan tilpassast kvar enkelt, uansett funksjonsnivå. Ønskjer du å delta på denne treninga kan du ta kontakt med fysioterapiavdelinga.
Søk om bassengtrening
For å kunne delta må du først senda inn eit digitalt søknadsskjema om bassengtrening. Dersom du av ulike orsaker ikkje kan senda inn digitalt søknadsskjema kan du fylla ut eit skjema for hand. For å levere inn skjema i papirform kan du komma ned til fysioterapiavdelinga på Helsetunet, der søknadsskjemaet er opphengt i venteområdet. Du fyller ut papirskjema og legg det i postkassa.
Når me har motteke søknadsskjemaet vil me vurdera søknaden og kva behandlingsbehov du har. Etter denne vurderinga vil du få informasjon om kva gruppe du vert plassert i med hensyn til dag og tidspunkt og kva som er gjeldande reglar for bassengtreninga. Ved tildeling av bassenggrupper, vil personar med helsemessige behov bli prioriterte.
Søknaden er gyldig for eitt år om gongen. Det betyr at du må senda inn eit nytt søknadsskjema for kvart år dersom du har behov for bassengtrening utover eit år. Du kan senda inn søknadsskjemaet kontinuerleg gjennom heile året.
Søk om bassengtrening her