Pakkeforløp for pasientar med kreftFormålet er å sikra tryggleik og føreseielegheit for deg som har fått ein kreftdiagnose, og at dine behov for oppfølging utover sjølve kreftbehandlinga blir avdekte og følgde opp. Det skal bidra til auka fokus på livskvalitet, god helse og meistring.Pakkeforløp heim inneheld tre frivillige samtalar for å kartleggja dine behov. Den første samtalen blir gjort med spesialisthelsetenesta. Den andre og tredje samtalen blir utført i kommunen (anten ved kreftkoordinator, fastlege eller sjukepleiarar) 3-4 månader, og 12-18 månader etter at du fekk diagnosen. Om pakkeforløpet i Suldal kommune Pakkeforløpet gjeld alle pasientar som reiser heim fra sjukehuset med ein kreftdiagnose. Nokon pasientar med kreftdiagnose har i dag dialog med kreftkoordinator og/eller andre kommunale tenester. Dette pakkeforløpet gjeld alle pasientar uavhengig av alvorleg-grad og funksjonsnivå.Sjukehuset sender melding til kommunen ved Tildelingskontoret for å informere om pakkeforløpet.Kreftkoordinator tar kontakt med pasienten og avtaler videre oppfølging. Dersom pasienten allerede mottar hjemmetjenester, er det ressurssykepleier som foretar kartleggingen. Er pasienten på et sykehjemsopphold har sykehjemslege ansvar for oppfølgingen.Dersom pasienten ønskjer at fastlegen skal ta oppfølginga, bestiller pasienten time hos fastlegen sjølv. Om kreftkoordinator Kreftkoordinator er spesialsjukepleiar med vidareutdanning innan kreftsjukepleie, og har kompetanse innan lindrande omsorg. Formålet med kreftkoordinator er å sikra tryggleik og føreseielegheit for deg som har fått ein kreftdiagnose, og at dine behov for oppfølging utover sjølve kreftbehandlinga blir avdekte og følgde opp. Det skal bidra til auka fokus på livskvalitet, god helse og meistring Kva kan kreftkoordinator bidra med? Kreftkoordinator er eit lågterskeltilbod i kommunen for kreftpasientar, pårørande og helsepersonell. Du kan ta direkte kontakt utan tilvising eller søknad.Målsetjinga er at den enkelte meistrar utfordringar i kvardagen i størst mogleg grad, og ivaretek kontroll og ansvar i eige liv. Kreftkoordinator kan bidra med:Vere ein samtalepartnar som kan hjelpe deg å sortere tankar i ein utfordrande kvardag.Vere ein ressurs for deg og dine pårørande.Ha oversikt over tilbod og tenester som kan vere nyttige for deg.Gje råd om lindring av plagsame symptom.Gje råd og rettleiing om kost og ernæring.Gje råd og rettleiing rundt diagnose, behandling, rehabilitering og omsorg ved livets slutt.Kreftkoordinator bidreg også til å utvikle gode rutinar og system for kreftomsorg og lindrande behandling i kommunen. Opningstider Måndag kl 8.00-15.00Tysdag kl 8.00-15.00Torsdag 8.00-12.00Fredag kl 8.00-12.00 Du kan møta kreftkoordinator i 2. høgda på helsetunet. Publisert 05.07.2024 10.22