Klinisk ernæringsfysiologErnæringsfysiologen kan hjelpe deg med både førebygging, utreding og behandling av ernæringsrelaterte problemstillingar og sjukdommar. Kva tilbyr me? Du kan få tilbod om individuell rettleiing og oppfølging avhengig av problemstilling og ditt ynskje. Ved livsstilsomlegging for vektreduksjon får du tilbod om oppfølging i eit halvt år. Kven kan få tilbod om tenesta? Born og vaksne i alle aldrar som har auka risiko for eller allereie utvikla sjukdom, eller som har behov for å endre kost- og levevanar. Døme på aktuelle problemstillingar kan vere: Overvekt/fedme Underernæring eller undervekt Etevanskar og avvikande vekstutvikling hjå born Hjarte- og karsjukdom (inkl. høgt blodtrykk og høgt kolesterol)Diabetes Kreft (under behandling og etter) Irritabel tarm (IBS)Mage- og tarmsjukdom (cøliaki, morbus crohn, ulcerøs kolitt m.m.)Matallergi og -intoleranseMild/moderat eteforstyrring (krevjar tverrfagleg behandling)Revmatisk eller nevrologisk sjukdom Sjukdom relatert til lunge, lever eller nyreOppfølging etter kirurgiske inngrep Korleis få tilbod? Du kan sende ein e-post til Klinisk ernæringsfysiolog (utan sensitiv informasjon) eller be helsepersonell henvisa deg. Ernæringsfysiologen vil deretter ta kontakt med deg. Kva kostar det? Tilbodet er gratis. Publisert 05.07.2024 13.00