Me kjem på besøk i heimen din. Heimebesøket vert gjennomført av fysioterapeut eller sjukepleiar. Me tilbyr ein samtale heime hjå deg der me samtalar om tema som har betydning for ditt kvardagsliv og helse.
Ved besøket får du ei informasjonsmappe med kontaktinformasjon til kommunen, samt litt kortfatta informasjon om utvalde tema. Opplysningar frå besøket vil bli dokumentert i Suldal kommune sitt elektriske journalsystem.
Me er underlagt teieplikt etter forvaltningslova. I samtalen kan du sjølv vere med på å bestemma kva som er viktig for deg å snakka om. Det kan dømesvis vere aktuelle helsespørsmål, ulykkesførebygging, brannførebygging, fysisk- og sosial aktivitet, ernæring, bustadshøve eller utfordringar i det daglege. Me vil også gi informasjon om kommunale- og frivillige tenester og tilbod som finns i din nærleik.