HukommelsesteamHukommelsesteamet er eit lågterskeltilbod som kan hjelpa deg eller dine pårørande ved spørsmål eller mistanke om demens. Om Teamet består av ein sjukepleiar og ein helsefagarbeidar. Me samarbeider med fastlegar, heimesjukepleie, fysio-/ergoterapeut og anna helsepersonell. Kva kan hukommelsesteamet hjelpa deg med? Å kartlegga kognitiv funksjon og åtferdÅ kartlegga behov i heimen, daglege gjeremål og tryggleikRettleia og støtta pårørandeVera eit bindeledd mellom personar med demenssjukdom og deira pårørande, og hjelpeapparatetHeimebesøkPårørandegrupper og samtalarRettleia om korleis ein kan legga til rette for ein god kvardagRettleia ved søknad om hjelpemiddel Kven kan få hjelp? Personar der ein mistenker kognitiv svikt og demenssjukdom, og pårørande. Ta kontakt Du kan ta kontakt direkte, og treng ikkje tilvising frå lege. Publisert 10.07.2024 14.31