Suldal sjukeheim

Suldal sjukeheim er eit tilbod til deg som har behov for pleie og omsorg heile døgnet. Dette kan være lokal behandling eller behandling i samarbeid med sjukehus.  

Suldal sjukeheim har eigen sjukeheimslege, samt er døgnbemanna med sjukepleiarar og helsefagarbeidarar. Sjukeheimen har eit tett samarbeid med fysioterapeut og andre hjelpeinstansar.  

Alle opphald, med unntak av ØHD, blir tildelt via Tildelingskontoret.  

For tida driv Suldal kommune å bygg ny sjukeheim. I byggeperioden er det langtidsavdeling på Vinjarheim og korttidsavdeling på Bjødnateigen. Den nye sjukeheimen skal stå ferdig mai 2025.  

 

Kva kostar det?

Kor mykje du skal betala, er avhengig av økonomien din og kva slags plass du får. Har du ektefelle eller anna heimebuande familie skal dei sikrast eit rimeleg økonomisk grunnlag. Avlastningsopphold og ØHD opphald er gratis.   

Informasjon om prisar og betaling.

Kontakt

Tildelingskontoret
Telefon 52 79 23 60

Bjødnateigvegen 21, 4230 Sand