Fritidskontaktar, også kjent som støttekontakt, legg til rette for kultur- og fritidsaktivitetar for barn, unge og vaksne.
Ein fritidskontakt kan hjelpe deg med å delta i sosialt samvær. Målet er at du skal få ein meiningsfull fritid i sosialt fellesskap.
Kven kan få tilbod om fritidsaktivitet?
Om du treng hjelp til å få ein aktiv fritid eller kome ut av ei isolert tilvære, kan du søkje om fritidskontakt. For å få fritidskontakt må du ha eit behov som er av ein slik art at du har rett til naudsynt helse- og omsorgstenester frå kommunen.
Kva kostar tenesta?
Tenesta er gratis, men du må dekka eigne utgifter når du er saman med fritidskontakten. Dette kan til dømes være kinobillett, kafé besøk eller besøk i svømmehallen.
Søknad om fritidskontakt
Søk om fritidskontakt her
Spørsmål?
Kontakt tildelingskontoret for spørsmål om fritidskontakt.
Vil du bli fritidskontakt?
Ein fritidskontakt er ein person som bistår dei som har utfordringar med å bevege seg åleine eller har utfordringar med å oppsøkje sosiale arenaer åleine. Det er den som har vedtak på fritidskontakt som bestemmer kva aktivitetar som skal bli utført.
Nokon døme på aktivitetar:
- Gå på kulturelle arrangement som kino, teater, konsert
- Følje til fritidsaktivitet
- Ta ein prat på kafé
- Fjell-, sykkel-, fiske-, eller biltur
- Hjelp til å gjera lekser
- Ulike sportsarrangement som fotballkamp
- Klatre, symje, leike
- Gaming/spelekveld
- Male
- Bake
- Danse
- Synge
Kva er løna?
Fritidskontaktar blir gitt eit honorar per time av kommunen. Suldal kommune tilbyr løn og utfigtsdekning etter faste satsar.
Er det krav til utdanning?
Det blir ikkje krav om nokon spesifikk utdanning for å vera fritidskontakt, men me ynskjer at du er stabil og påliteleg. Du må og kunne binde deg til ein avtale på minst eit år, ha samarbeidsevner og kan sette grenser.
Du bør ha glede av å hjelpe andre til ein aktiv og meiningsfull fritid, beherske norsk, være over 16 år og kunne vise godkjent politiattest.
Å disponere bil er ønskeleg, men ikkje eit krav.
Søk om å bli fritidskontakt
Her kjem snart ei lenke til søknadsskjema for å bli fritidskontakt