Støtte til personar med funksjonsvariasjonarDet finst ulike støtteordningar for å legga til rette for at personar med funksjonsvariasjonar skal kunne oppleva likestilling og å delta i samfunnet. Parkeringstillatelse (HC-kort) Er du bilførar eller passasjer som grunna funksjonsvariasjon og har eit særleg behov for å parkera på parkeringsplassar som er reservert for forflyttningshemmede, kan du søkje om parkeringstillatelse. Bilførar eller passasjer som har eit særleg behov for parkeringsmoglegheit knytt til bustad, arbeid og anna aktivitet, og som treng å parkere på parkeringsplasser som er reservert for forflyttningshemmede kan søkje om parkeringstillatelse. Før du søkjer må du ordne deg utfylt og signert legeerklæring og passfoto som blir lagt med søknaden. Søkjer du som førar, må du og legge ved kopi av førarkortet ditt. Søk om parkeringstillatelse her Ledsagarbevis Du kan søkje om ledsagerbevis om du har nedsett funksjonsevne og er avhengig av å ha med deg følgjeperson/ledsager for å kunne delta i samfunnet på lik linje med andre. Du vel sjølv kven du vil nytte som følgje frå gong til gong, dette kan til dømes være ein venn, eit familiemedlem eller fritidskontakt. Korleis fungerer det? Når du har fått ledsagerbeviset kan dette nyttast på stader som har akseptert ordninga, og i andre kommunar og fylke. Du betaler ordinær pris for deg sjølv, men følgje går gratis eller til redusert pris. Døme på stader som godtar ledsagerbevis: Suldal badKinoTeaterTransport Når ein deltar på arrangement gir ikkje ledsagerbeviset fortrinn framfor øvre publikum og du må bestilla billett på forhand der det er nødvendig. Kven kan søkja? Funksjonsnedsettinga må vera av varig karakter. Du må visa at du grunna funksjonsnedsettinga er avhengig av å ha med følgje for å kunne delta på arrangement eller reise. Du må legga ved legeattest og passfoto til søknaden. SøkSøk om ledsagerbevis her Transport teneste (TT-kort) Transport teneste er for deg som er ute av stand til å reise kollektivtransport på grunn av varig funksjonsnedsetting. TT-kortet gjeld for fritidsreiser og du kan nytta det over heile landet. Sjøtransport er ikkje omfatta av ordninga. Søk om TT-kort her. Publisert 10.07.2024 11.52