Hjelp til å buHar du av ulike orsaker problem med å koma deg inn på bustadmarknaden eller å bli buande i boligen din, kan du få hjelp til det. Me tilbyr også omsorgs- og institusjonsplasser kor mennesker kan bu og få den helse- og omsorgshjelpa dei treng. Kommunen har eit ansvar for å bidra til at alle har ein stad å bu. Omsorgsbustad Ein omsorgsbustad er ein bustad som er tilpassa bevegelseshemma og tilrettelagt slik at bebuaren skal kunne motta heildøgns omsorg etter behov. Bustaden er bebuaren sin eigen heim. Bebuaren betalar husleige og mottar heimetenester på same vilkår som for andre heimebuende. SøkSøk om omsorgsbustad. Spørsmål?Kontakt Tildelingskontoret ved spørsmål om omsorgsbustad. Tilrettelagte bustader Me har fleire leilegheiter i bufellesskap som er tilrettelagt for deg med psykisk utviklingshemming. Kyrkjevegen KontaktKyrkjevegen Øvre Dalane KontaktØvre Dalane Nedre Dalane KontaktNedre Dalane SøkSøk om tilrettelagt bustad for deg med psykisk utviklingshemming. Spørsmål?Kontakt Tildelingskontoret for spørsmål om tilrettelagt bustad Kommunal bustad Dersom du av ulike orsaker ikkje er i stand til å skaffa bustad sjølv, kan du søkja om kommunal bustad.For å søkja må du:Senda søknadHa lovleg opphald og vera busett i NoregVera busett i kommunenVera utan inntekt/formue som gjer deg i stand til å skaffa eigen bustadIkkje vera student som får lån/stipend i LånekassenIkkje vera i militærteneste/avtena vernepliktNår me vurderer søknaden din, tar me ei vurdering av din totale situasjon. SøkSøk om kommunal bustad Spørsmål?Kontakt tildelingskontoret for spørsmål om kommunal bustad. Avlasting for barn og unge Du kan søkja om avlastning om du har eit særleg tyngande omsorgsarbeid for eit eller fleire born. Avlastinga skal hindra overbelastning og gi deg som omsorgsytar fritid og moglegheit til å delta i vanlege kvardagsaktivitetar. Avlasting gis som eit opphald i kommunal avlastningsbustad eller hjå privatperson. Opphaldet kan variere i lengde og skal være individuelt tilpassa. Opphald og mat på avlastinga er gratis, men fritidsaktivitetar m. m. må bli dekka av den enkelte. Kommunal avlastningsbustadMe har avlastningsbustad for barn og unge under 18 år i Nedre Dalane. Privat avlastningOfte er det slekt/kjente i familien sitt nettverk som blir engasjert til privat avlasting. SøkSøk om avlasting for barn og unge her Spørsmål?Kontakt tildelingskontorev ved spørsmål om avlasting for barn og unge Sjukeheim og velferdsbustad Suldal sjukeheim er eit tilbod til deg som har behov for pleie og omsorg heile døgnet. Les meir om Suldal sjukeheim på denne sida. Har du ein bustad som kan leigast ut til flyktningar? Me treng fleire bustader til flyktningar som kjem til Suldal. Har du ein bustad du ønskjer å leige ut? Kontakt oss via dette skjemaet. Publisert 10.07.2024 11.37