Norskopplæring for vaksne
Alle som treng det, kan få norskopplæring på Introsenteret i Suldal. Dersom du har rett til norskopplæring etter Introduksjonslova, er opplæringa gratis. Dersom du ikkje har slik rett, må du betala for opplæringa. Ta kontakt med oss dersom du ønskjer å vita om du har rett på gratis opplæring, eller om du må betala.
Grunnskule for vaksne
Personar som er over 16 år, og som treng grunnskuleopplæring, har rett til dette. Du må ha lovelg opphald i Norge. Dersom du har rett til vidaregåande opplæring, har du ikkje rett til grunnskuleopplæring for vaksne. Er du i tvil, kan du kontakta Introsenteret.
Søknad/skjema
Du må søkja om opplæring. For norsk- og samfunnskunnskaps-opplæring og grunnskuleopplæring for vaksne er det eigne søknadsskjema. Dersom du har rett på fritak frå plikt til opplæring må du også søkja.
For å få spesialundervisning for vaksne må ein først ha ei sakkunnig vurdering frå PPT.
Her finn du søknadsskjema grunnskule for vaksne
Her finn du søknadsskjema for opplæring i norsk og samfunnskunnskap
Her finn du søknadsskjema for fritak frå opplæring for vaksne
Her finn du tilvisningsskjema til PPT for vaksne (vaksenopplæring)
Dersom du skal søkja om introduksjonsprogram må du kontakta Introsenteret personleg.
Når du har levert søknad om opplæring eller deltaking i introduksjonsprogram, får du svar på denne innan tre veker.
Læringsbrett/ipad
For å få utlevert læringsbrett må du sende inn aksept av reglar og vilkår for lån og bruk av læringsbrett ved introsenteret i Suldal. Du må identifisera deg og akseptera vilkåra med innlogging via ID-porten.
Aksept av reglar og vilkår for lån og bruk av læringsbrett (ipad) ved introsenteret
Søknadsfrist
Det er løpande søknadsfrist for norskopplæring og grunnskuleopplæring for vaksne.
For introduksjonsprogram må du søkja så snart som mogleg etter at du har kome til kommunen.