Bu lengst mogleg heime

Kva som skal til for at du skal kunne bu lenge i din eigen bolig vil vera avhengig av boligen sin tilstand og lokasjon, i tillegg til din eigen fysiske og psykiske helse. 

Me kan hjelpa deg med teknologiske hjelpemidlar

Me tilbyr teknologiske hjelpemidlar til eldre, personar med funksjonshemming og andre som treng auka tryggleik og bistand til å klara seg sjølv i eigen kvardag. 

Teknologien me nyttar er enkel i bruk, og du treng ikkje å ha teknisk kunnskap. Me sørger for å installera nødvendig utstyr og vedlikehald. Me kan tilby teknologiske hjelpemidlar for deg som ønskjer å bu heime, men som treng nokon verkty for å ha det trygt og godt, og klara deg mest mogleg sjølv i kvardagen. 

 

Fjern fysiske hinder

Fysiske hinder i boligen din kan gjera det utfordrande å bu heime så lenge du ønskjer. Andre faktorar som tilgang på omsorg frå pårørande, eigne sosiale nettverk og relasjonar kan også vera av betydning. 

Nedanfor kan du klikka på dei ulike løysingane for å få meir informasjon og døme på korleis du kan legga til rette for framtidige behov i boligen din, og kva tiltak du kan gjennomføra for å fjerna hindre. 

Kontakt

Tildelingskontoret
Telefon 52 79 23 60

Bjødnateigvegen 21, 4230 Sand