FN-dagen
Sand barnehage
Song frå Kongo og rettar frå ulike verdenshjørne
Barnehageborna fekk denne dagen ta del i fellessamling på begge husa (avd Randåsen og Avd Joagarden).
Barnehagen er så heldig å ha ei dame frå Kongo i arbeidstrening, og ho song for store og små.
Borna fekk også smaka på ulike rettar frå ulike nasjonalitetar som foreldre hadde tatt med seg til barnehagen. tillegg vart det rom for å snakka om og sjå på alle dei forskjellige flaga som henger på avdelingane rundt om i barnehagen.
Dette var ein kjekk og lærerik dag, der alle lærte noko nytt om dei ulike kulturane som er representerte i Sand barnehage.