Årets TV-aksjon

Årets TV-aksjon er søndag 18. oktober, og i år går innsamlinga til NRC Flyktninghjelpa. Dei hjelper menneske på flukt i Syria, Gaza, Afghanistan, Tsjad, Sudan og DR Kongo med å få ein trygg heim. 

Nærare 120 millioner menneske er på flukt frå krig og konflikt. Aldri før har så mange trengt hjelp til å skaffa seg ein heim. I årets TV-aksjon skal innsamlinga bidra til at over 400 000 menneske skal få tryggare og betre buforhold. 

Pengane går til midlertidige og permantente heimar, vatn- og sanitærprosjekt, telt og andre nødbudstadar, og juridisk hjelp for å sikre bustad- og eigedomsrettar. 

Gi ein trygg stad å sove - Klikk for stort bilete NRK TV-aksjonen

Ein heim er meir enn fire veggar og eit tak

Å vere på flukt betyr å stå midt i ei djup krise. Livet slik ein kjenner det blir snudd på hovudet. Menneske som tvingast til å flykte frå krig og konflikt har ofte opplevd store tap; mange har mista familiemedlem, jobb, utdanning og sitt sosiale nettverk. Ofte forlet dei heimane sine med berre det dei kan bera, utan å vite om eller når dei kan vende heim att. 

Ein heim er meir enn fire veggar og eit tak. Heimen gir tryggleik, vern og ein stad å høyre til. Når familiar får ein slik stad å bu blir det også lettare å finne arbeid og sende ungane på skule. Slik kan kvardagen bli meir stabil, og grunnlaget for ein ny framtid kan byggjast. 

Bøsseberarane er hjartet i TV-aksjonen

Som bøsseberar går du frå dør til dør i to timar søndag 18. oktober, og samlar inn pengar til TV-aksjonen. Folk kan vippse til 2133 eller gi kontantar. Kvar bøsseberar samlar i snitt inn heile 2300 kroner! 

Registrer deg som bøsseberar her. 

Bøsser kan hentast i kvar grend:

  • Ropeidhalvøya Bygdekvinnelag v/ Torbjørg Tveita: 416 16 862
  • Sand Sanitetsforening v/Vigdis Bjørndal: 926 11 133
  • Suldal Ungdomslag v/Silje Helen Færøy: 902 40 294
  • Vanvik Grendeutval v/ Geir Ove Løland: 408 80 167
  • Nesflaten idrettslag v/Nina Bjørnetun: 415 62 966
  • For Jelsa og Erfjord kjem det meir informasjon etter kvart. Vil du melde deg som bøssebærar, kan du kontakte Suldal Frivilligsentral på telefon 977 55 302.

Finn du ikkje di grend i lenkja over eller har du andre spørsmål om TV-aksjonen? Ta kontakt med Suldal Frivilligsentral på mobil 977 55 302 dersom du lurar på noko. 

Bli bøsseberar - Klikk for stort bilete NRK//TV-aksjonen