Ein dag på Viking stadion

 I haust fekk mellomtrinnet på Erfjord skule den fantastiske moglegheita til å delta i Viking FK sitt skuleprosjekt, Skoleløftet. Dette prosjektet har som mål å skape eit betre klasse- og skulemiljø. Elevane har vist imponerande samarbeidsevner og løyst utfordrande oppgåver for å nå neste fase: som var eit eit spanande besøk på sjølvaste Viking stadion.

Torsdag førre veke frakta Suldalsbussen ein spent gjeng til Stavanger, der Viking-songar ljoma heile vegen frå Erfjord til Jåttå. På stadion vart elevane delt i mindre grupper, der dei fekk vera saman med SLB (SchLumBerger) og løyse ulike samarbeidsoppgåver som puslespel, kjemiske øvingar og å skru saman ein motor ved hjelp av kommunikasjon.

Ivrige elevar Sofie H Våge

Elevane fekk også utforske Viking FK sitt nye museum på stadion. Dei hadde 15-20 minutt til å lære mest mogleg før ein kahoot. Etterpå var det eit lite foredrag om psykisk helse, der Stian frå SLB delte sine utfordringar frå oppveksten og livet elles. Han ville vise elevane at det alltid finst moglegheiter for alle, så lenge ein ynskjer det sjølv, og at det er viktig å seie frå og få hjelp om ein har det vanskeleg.

I løpet av dagen fekk gruppene treffe både herre- og damelaget som hadde trening på stadion. Dette var stor stas, og nokon fekk til og med møte sitt store idol, Zlatko Tripic, og synge songen hans då han kom ut frå garderoben. Det var også kjekt å treffe sjølvaste Kjartan Salvesen.

 

Sofie H Våge Vikingspelarar på treningsfeltet Sofie H Våge

 

 

 

 

 

Det vart ein kjekk, sosial og lærerik dag for elevane. «Ein av dei beste dagane i mitt liv,» kunne ein høyre elevane seie til kvarandre.

No er elevane i gong med å løyse fleire oppgåver, betre klasse- og skulemiljøet endå meir, og samle nye stjerner til neste fase i prosjektet, der nokre av Viking-spelarane kjem på besøk til Erfjord skule!


 

Sofie H Våge