Er du førebudd på å klara deg sjølv utan vatn og straum i ei veke?
Du er ein del av Noregs eigenberedskap.
Vær førebudd
Ved ei krise må naudetatar og kommunen prioritere sårbare grupper, og Suldal kommune oppfordrer difor alle våre innbyggarar til å sikra at du til ein kvar tid har dette i hus:
- Reint drikkevatn lagra på kanner eller flasker.
- Mat som toler lagring i romtemperatur.
- Grill, kokeapparat eller stormkjøkken.
- Varme klede, pledd, dyner og soveposar.
- Fyrstikker og stearinlys.
- Ved hvis du har vedovn eller peis.
- Gass- eller parafinovn som er berekna for innandørs bruk er eit alternativ til vedfyring.
- Avtale om overnatting hvis du ikkje har alternativ oppvarming.
- Lommelykter eller hodelykter som går på batteri, sveiv eller solceller.
- DAB-radio som går på batteri, sveiv eller solceller.
- Legemidlar og førstehjelpsutstyr.
- Jodtablettar (gjeld barn og vaksne under 40 år, gravide og ammande).
- Hygieneartiklar som våtserviettar, handsprit, bleier, dopapir og menstruasjonsprodukt.
- Batteri og lada batteribank.
- Litt kontantar og fleire betalingskort.
- Mat og vatn til kjæledyr.
- Liste på papir med viktige telefonnummer som for eksempel naudnummer, legevakt, veterinær, familie, vener og naboar.
Publisert 01.11.2024 12.02