Dette er søkt om
Suldal kommune har motteke søknad frå Sven Helge Einarsen om konsesjon etter vannressursloven til bygging av Indra Åsarøy kraftverk på Ropeidhalvøya. Kommunen er konsesjonsmyndigheit for kraftverk med installert effekt mindre enn 1 MW. Søknaden skal handsamast etter reglane i kapittel 3 i vassressurslova. Det planlagde tiltaket er bygging av eit småkraftverk i nedre del av Åserødåna. Inntaket er planlagt i utlaupet av Løkjen, og kraftverket skal byggjast i enden av Indre Åsarøyvegen. Mellom inntak og kraftverk blir det ei rørgate på ca. 595 meter beståande av røyr med dimensjon 800 mm. Planlagt minstevassføring er 26 l/s, og kraftverket skal kunna gi ein produksjon på ca. 1,9 GWh i løpet av eit normalår.
Last ned og les saksdokument
Alle dokument i saka er tilgjengeleg for nedlasting:
Saksdokument
Treng du hjelp til å henta ut dokumenta? Ta kontakt med kommunen.
Gje dine innspel
Gjennom høyring kan alle som har ei meining om saka senda inn sine innspel.
Innspel kan sendast på e-post til postmottak@suldal.kommune.no eller via brev til Suldal kommune, Eidsvegen 7, 4230 Sand.
Frist for å senda inn innspel er 2.6.2025.
Kartet viser kor i kommunen tiltaket er planlagt.
Kart henta frå søknad.