Julehelsing frå ordføraren

Inn mot siste adventshelga kjem julehelsing frå ordførar Mads Drange.

Jarle Lunde

Kjære alle,

Sjølv om skiføret og vinteren glimrar med sitt fråvær, og været minner meir om oktober enn desember – så drar det seg mot jul! Og for å sitera ein av kommunestyrerepresentantane våre så kan me vel konkludera med, også i 2024, at «I Suldal har me heime. Og her har me det godt!»
Det er mange grunnar til at me har det godt i Suldal, men eg har lyst til å trekkja fram ein viktig grunn: Me har tilsette i Suldal kommune som gjer ein framifrå jobb for oss alle kvar einaste dag. Eg får stadig små meldingar og historier frå innbyggjarar, om tilsette som gjer mykje meir enn kva ein kan forventa, og som gjer livet betre for oss som bur og lever her i kommunen vår. 

Dette er ei god påminning om at me tross alt er ganske gode i kommunen vår til fleire ting: Me er gode på å ta imot og inkludera nye Suldøler som kjem hit frå heile vera. Me gjer verdig og omsorgsfull pleie i livets siste fase, og trygg oppfølging til dei som akkurat har kome inn i verda. Me er flinke på å få det beste ut av ungane våre, og hjelpa dei med å lukkast både i skulen og i livet elles. Me beheld roen når kriser oppstår, og har dyktige og erfarne folk i førstelinja når ulykka er ute. Me har fagleg sterke byråkratar som lagar gode planar, forvaltar regelverket på ein framifrå måte, har kontroll på økonomien og hjelp politikarane med å lukkast med sine prosjekt. Og så er me gode på å få ting til å sviva – me har dyktige medarbeidarar som sørger for at det er fint og reint rundt oss, som hentar avfallet vårt, brøytar vegane våre, og som sørger for maten på bordet og reint sengtøy og handdukar på institusjonane våre.
 

Mange av desse skal også jobba i jula, og eg vil nytta anledninga til å takka alle tilsette i Suldal kommune for den jobben dei gjer. 

Og så vil eg ynskja alle innbyggjarar, hyttesuldøler og besøkande ei riktig god jul og eit godt nytt år!


Mads Drange
Ordførar Suldal kommune