Kommunal pensjonist? Velkomen til temakveld!
Kommunedirektøren vil invitera alle tidlegare kommunale tiilsette til ein kveld med god drøs, litt kvelds og passeleg med informasjon om at det spanande som skjer i kommunen, og korleis Suldal kommune arbeider for å vera ein god kommune å leva, bu og trivast i.
Me håpar du vil ta turen til Kulturehuset måndag 04. november kl. 18.00 - 20:00.
Det er heilt gratis å vere med, men me ønskjer påmelding så me veit kor mange stolar me skal finne fram, og kor mykje kvelds me skal ordne.
Me gler soss til å setje litt ekstra pris på dykk!
Påmelding innan 03. november til postmottak@suldal.kommune.no
Du kan også ringa tlf 52 79 22 00
Publisert 29.10.2024 15.40