Leiken i fokus i Suldalsbarnehagane - Suldal kommune heimeside

Leiken i fokus i Suldalsbarnehagane

Pedagogane i Suldalsbarnehagane møttest nyleg til fagdag med leiken som tema. Den frie leiken har lenge vore ein viktig del av det pedagogiske arbeidet, men denne dagen har gitt ny innsikt og gode refleksjonar.


– Me ser at leiken kanskje ikkje er så fri likevel, men at rammer og organisering spelar ei viktig rolle, seier Ingvild Vold Tveiten, einingsleiar ved Vinjar barnehage
Å møtast på tvers av barnehagane gir rom for deling, støtte og læring. Ingvild rettar òg ein stor takk til kollegaene som var att i barnehagane og sørgde for trygge og gode dagar for barna, slik at pedagogane kunne delta på fagdag.


Sagt på fagdagen:

  • Fri leik er ein del av naturen vår – eit instinktivt behov som vi i større grad må leggja til rette for skal finna stad.
  • Leik bidreg til å utvikla sosial kompetanse, motorikk, konsentrasjon, nyfikne og mental robustheit – kort sagt alt vi treng i livet
  • Skjermar er komne for å bli, men «me blir det me et».
  • Logg oftare av og gi litt meir plass til dagdrøyming og leik.

Sitata kjem frå innlegget «Lek i et nevroperspektiv» ved Charlotte Lunde (lege og journalist).


Vil du jobba i Suldalsbarnehagane?

Er du utdanna barnehagelærar, barne- og ungdomsarbeidar eller har erfaring frå å jobbe med born? No kan du søkja stilling i barnehagane våre.