No lanserer me "Min Side"
“Min Side” er den digitale døra inn til dine kommunale tenester. Den er open 24/7. Her får du blant anna oversikt over faktura, post og eigedomsinformasjon. Me håpar på å utvikle tenesta vidare, slik at fleire av tenestene våre kan bli tilgjengelege for deg, når det passar deg best.
Kva finn eg på Min side?
- Din post frå kommunen
- Dine faktura frå kommunen
- Opplysningar om din eigedom
- Skjema du har sendt inn
- Du kan søka og gjer endringar på barnehage- og SFO-plass
- Du kan søka og gjer endringar viss du har barn i kulturskulen
Endre kor ofte du får faktura
Du kan sjølv velga kor ofte du får faktura for dei kommunale eigedomsavgiftene. Du kan velga å få faktura 2, 4 eller 12 gonger pr år. Endringar du gjer her vil vera gjeldande frå neste fakturering for din eigedom.
Logg inn med ID-porten
For å få tilgang til Min Side må du logga deg inn via ID-porten. med ein av disse innloggingsmetodane:
- MinID
- BankID
- Buypass
- Commfides
Gå til Min side
Publisert av Martine Førre
Publisert 15.01.2025 10.31