Økonomiplan med handlingsprogram 2025

Kommunedirektør Karin Dokken Austvik er tydeleg på at Suldal kommune framover vil få reduserte inntekter, og at det no er viktig at kommunen omstiller og førebur seg til ny drift. 

-Det er godt å leva, driva næring og bu i Suldal. Ansvaret for at det framleis skal vera godt i Suldal kommune, har kommuneadministrasjonen og dei folkevalde, seier ho. 

 

Les økonomiplan med handlingsprogram i ny digital visning

Økonomiplan med handlingsprogram for 2025 blir presentert i eit ny digital visning. 

Les dokumentet her. 

 

Suldal kommune må omstilla seg

-Olje og gass vil gi reduserte inntekter til staten, me må omstilla oss frå olje som hovudinnteksteskjelde, seier kommunedirektøren. 

Finansiering av velferdsmodellen blir utfordra, kommunen kan ikkje oppretthalda same velferdsnivå som før. Me blir færre yrkesaktive og fleire eldre.  Kommunen vil mangla fleire sjukepleiarar og lærarar, og me blir utfordra på å drifta tenestene våre med blant anna ny teknologi, dette for å minska behovet for “alle lærarane og sjukepleiarane”.  

 

Perspektivmeldinga ligg til grunn for årets økonomiplan med handlingsprogram. 

Viktige postar i perspektivmeldinga som vil påverka Suldal kommune er: 

  • Endring i inntekstssystemet
  • Ikkje kvalifisert for distriktstilskot
  • Endring i kostnadsnøklar
  • Levekårskriterium får auka vekt
  • Ny offentleg pensjon

 

Fleire eldre, og færre av “alle dei andre”

Alderssamansetninga i Suldal endrar seg. Me vil få fleire innbyggarar i alderen 80 og 90 +, og færre innbyggarar i alle andre arbeidsgrupper. Dette utfordrar korleis me gir tenestene våre. 

 

Arbeidskrafts-reserva

Sosialhjelpsmottakarar har gått opp frå 22 i 2021 til 67 i 2023. Tal personar som får introstønad er gått frå 7 til 73. Tal uføretrygda er auka med 10 personar frå 2021 til 2023. 

Desse tala må kommunen aktivt jobba for å få ned, slik at fleire får delta i arbeidslivet i Suldal. 

 

Digital transformasjon og berekraftige tenester

-Me treng å gi våre tilsette kompetanse på kunstig intelligens, seier kommunedirektøren. Me ønskjer å sjå på korleis me kan erstatta arbeidsoppgåver med meir digital og automatisk saksbehandling. 

Kommunen ønskjer også ein stillingsressurs som aktivt skal jobba med å få ned arbeidskraftsreserven, og å kopla folk til jobb. Me har mykje potensiale her seier kommunedirektøren. 

 

Suldalsstandarden

Kraftkommunen Suldal gir eit tilbod som har ein høgare standard enn kva andre kommunar kan gi. Kommunedirektøren listar opp ulike tilbod som blant anna støtte til energieffektiviserande tiltak, straumstøtte til næringslivet, halv pris på barnehage, kulturhus, Suldal bad, ny sjukeheom, 3 nye brannstasjonar, Ulla førre næringsfond, matombringing og bemanning over normkrav. 

-Dette er viktig å ha med seg i det vidare arbeidet, seier ho. 

 

Konsesjonskraft

Etter nokre gode år, trur kommunedirektøren at inntekta vil stabilisere seg pluss/minus 60mill kr. 30 mill kr. går til drift. Alt over 30mill kr blir sett på fond til investering, dekning av lågprisår med meir.

Suldal kommune sel konsesjonskrafta i spotmarknaden, det er spotprisen på straum som avgjer konsesjonskraftinntekta. Etter eit par ustabile år har straumprisen normalisert seg rundt 60 øre, som er den prisen som ligger inn i budsjettet. Det er fortsett usikkerhet knytt til korleis prisen vil utvikla seg dei neste åra avhengig av etterspørselen (det grøne skiftet) og tilbodet (kor mykje ny fornybar energi som kjem inn i marknaden).

 

Eigedomskatt

Eigedomsskatten var nede i 104 mill kr i 2018 på grunn av låge straumpriser over tid. I 20/21 kom Englandskabelen, det auka den årlege eigedomsskatten med 23mill kr. I tillegg kom det inn auka eigedomsskatteinntekter i frå nytt kraftnett.

I 21/23 gjekk straumprisen til «himmels». Det har auka eigedomsskatten i frå kraftanlegg med over 30mill kr.

Eigedomskatt i frå kraftanlegg er no i «taket»; eigedomsskatt i kraftanlegg kan ikkje bli høgare enn 2,74kr/kWh ganget med gjennomsnittleg produksjon siste 7 år (makstaket).

Eigedomsskatten går ned i frå 24 til 25 sidan kommunen har valt å ikkje innføra eigedomsskatt på næring. Dersom kommunen hadde innført eigedomsskatt på næring, hadde inntekta vore ca. 7 mill kr høgare. 

 

Netto driftsresultat

Suldal kommune legg fram budsjettert netto driftsresultat:

  • 2025 9,2%
  • 2026  7,9%,
  • 2027 9,2%,
  • 2028  10,9%

 

 

Innsparingstiltak

Det blir ny auke i løn (lønsoppgjer) og pensjon (ny pensjonsordning) i åra 2026-2028. Nedtrekk i stillingar og driftsutgifter/tilskot er tal for 2028 når alle tiltaka er gjennomførte.

For 2025 er det mindre tal årsverk og meir driftsutgifter/tilskot då ikkje alle tiltak som gjeld stillingar er gjennomførte. Det er i tillegg ikkje kompensert for prisstigning, dette ville utgjort omlag 5,7 millionar kr.

Ein har ved utarbeidinga av økonomiplanen halde seg til handlingsregelen om å ikkje nytta meir enn 30 millionar kr. av sal av konsesjonskraftsmidlane i drifta.

 

Driftstilpassing

Det er ikkje ofte me jobbar med driftstilpassing i Suldal kommune. Kommunen har difor jobba med nokon prinsipp for driftstilpassinga. 

-Det er ikkje føreslått grep på struktur i perioden, i respekt for den politiske diskusjonen som har vært dei siste åra, seier kommunedirektøren. 

Kommunedirektøren er klokkeklar på at struktur er uunngåeleg frå og med 2026. For eksempel hadde 75% kompetanse til å undervise matematikk i ungdomsskulen i fjord, i år er det 36% med kompetanse. Me har nok lærarar, men ikkje når dei er fordelt på dagens struktur.

Barn og unge, og eining helse (legekontor, helsestasjon og fysioterapi) er skjerma i dette budsjettet. 

Prioriteringar elles:

  • ikkje kompensert for prisauke
  • Ordningar med ubrukte midlar
  • Tenester som ikkje er lovpålagde
  • Stillingar

 

Driftstilpassing 1

  • Reduksjon av ordningar med mindreforbruk over år
  • Reduksjon av tiltak der ansvarleg er privat eigar
  • Reduksjon av tiltak der ansvarleg er Fylkeskommunen
  • Reduksjon av tiltak som ikkje er lovpålagd oppgåve
  • Ikkje kompensert for prisauke

 

Driftstilpassing 2

Kommunedirektøren foreslår eit nedtrekk i bemanning av totalt tal årsverk: 

  • Kultur og samfunn: 3,0%
  • Oppvekst: 2,5%
  • Økonomi og organisasjon: 2,5%
  • Helse og Velferd: 2,2%

 

Det blir ikkje berre trist

-Me har eit godt driftsnivå, seier kommunedirektøren, og viser til Suldal samanlikna med nabokommunane. 

Suldal driv ikkje rimelegast på nokon felt, og det er heller ikkje sikkert me skal gjera det i framtida. Men, me må ha lovpålagt kompetanse på plass. 

 

Investeringar

Kommunen investerer i 2025:

  • Suldal sjukeheim
  • Elevheimar Rygjatun
  • Brannstasjonar
  • Rekrutteringsbustadar- 17 stk
  • Vassverk Sand
  • Energibrønnar på dei store bygga- 6 mill kr
  • Vinjarheim bukollektiv, rammeauke- 55 mill kr

 

Lenker

Power-point presentasjonen finn du her.  (PDF, 4 MB)

Sendinga frå kommune-TV finn du her.

Økonomiplan med handlingsprogram 2025 kan du lesa her. 

 

 

Kontakt

Suldal sentralbord
E-post
Telefon 52 79 22 00