Oppdatert informasjon om pasienttransport i Suldal, 6.5.2026

Det er no inngått avtale med Haugaland Taxi om gjennomføring av pasientreiser i Suldal! Ordninga har førebels oppstart 1. juni 2026. 
Avtalen inneber at det vil vera tilgjengeleg fire bilar i kommunen. To av bilane har kapasitet til fire passasjerar, medan to bilar kan ta opptil åtte passasjerar. Ein av dei største bilane er tilrettelagt for transport av rullestolbrukarar.
Den nye avtalen gjer at pasientreiser i større grad kan organiserast direkte, utan at pasientar må leggja ut for transport sjølve i same omfang som tidlegare. Meir informasjon om dette kjem.

Fram til 1.juni 2026 må du gjere som før:

Dersom du har fått rekvisisjon (tilvising) til transport frå lege eller anna behandlar:

  • Du må sjølv bestille drosje
  • Du må betale for turen sjølv, og deretter sende inn krav om å få pengane tilbake (refusjon)
  • Du kan få refusjon dersom reisa er medisinsk nødvendig og du har rekvisisjon, eller det ikkje finst rutegåande transport.

Ein kan ta kontakt med Frivilligsentralen dersom ein ikkje har pårørande som kan hjelpe deg. Avtalen gjeld planlagde legetimar i Haugesund og Stavanger, og må avtalast med Suldal frivilligsentral på førehand – minst tre virkedagar før besøket. Telefon: 977 55 302. Les meir om Frivilligsentralen sine tenester knytt til pasientreiser her

Slik fungerer det:

  1. Behandlaren din vurderer behovet og rekvirerer reisa i systemet NISSY. 
  2. Du bestiller sjølv transporten - til dømes ved å ringe drosjesentralen. 
  3. Du betaler for turen sjølv og tek vare på kvitteringa – den må leggjast ved når du sender inn reiserekninga
  4. Send inn reiserekninga innan 6 månader etter reisa

Korleis sender du inn krav om refusjon?

  • Digitalt: Gå til helsenorge.no/pasientreiser
  • På papir: Skjema og konvolutt får du hos behandlar eller på behandlingsstaden. Send til Pasientreiser HF, Postboks 2533, 3702 Skien
  • Du treng ikkje legge ved dokumentasjon på at du møtte til timen, så lenge behandlaren din har bestilt reisa på førehand

 

Hugs å legge ved kvittering for betalt transport, eventuelt kopi av faktura. Rekvisisjonen blir automatisk sendt med søknaden og dokumenterer behovet ditt.

Dersom det ikkje går buss eller anna rutegåande transport:

Du kan ha rett på rekvisisjon på trafikalt grunnlag. Ring Pasientreiser på tlf. 05515 for å få vurdert dette.

Samkøyring og spesialløysingar

Pasientreiser i Helse Fonna vil prøve å organisere samkøyring der det er mogleg – til dømes frå ferjekaien eller heimeadressa di. Du vil få beskjed dersom dette gjeld deg.

Treng du hjelp?

Les meir på Helse Fonna sin nettside. 

Ring pasientreiser: 05515

Send e-post: pasientreiser@helse-fonna.no