Ordføraren sitt oktoberprogram

Utsikt over fjorden - Klikk for stort bileteUtsikt over fjorden Espen Emil Søreng

Budsjett-tid og haustferie

Haust er budsjett-tid, og i oktober legg kommunedirektøren fram budsjettutkastet for kommunestyret. Dette vil danna grunnlaget for viktige diskusjonar i vekene som følger, og for Suldal kommune og Suldalssamfunnet i åra som kjem. Før den tid er det imidlertid fleire viktige møter i ordføraren sin kalender med ulike næringsaktørar om både eksisterande og nye prosjekt. Det er også rådsmøte i Ryfylkerådet og SVR, samt formannskaps- og fondsstyremøte. Ordføraren kjem også til å ta haustferie nokre dagar.

Ordføraren sin oktoberkalender

Ordføraren sin oktoberkalender
Dato Hending
01.oktober Dialogmøte med Heidelberg og Wind Works Infrastrutcture
03.oktober Kontaktmøte med Statkraft
07.oktober Digitalt stormøte om Statsbudsjettet (KS)
08.oktober Partnarskapsmøte Toppvolley Norge
09.-11.oktober Haustferie
17.oktober Styremøte Rogaland AP
18.oktober Rådsmøte Ryfylkerådet
23.oktober Styremøte Verneområdestyre for Setesdal Vesthei, Ryfylkeheiane og Frafjordheian (SVR)
24.oktober Formannskapsmøte
25.oktober Dialogmøte Statsforvaltar
30.oktober Kommunestyremøte