Pris for forbetringar og verdiskaping i heimetentestene

Sist veke vann Suldal heimetenester den anarkjente Inspirasjonsprisen under årets Leankonferanse! Me er stolte og takksame for arbeidet heimentenestene gjer. 

Lean inspirasjonspris - Klikk for stort bileteSuldal heimetenester Suldal kommune

Kvifor jobbar me med forbetring? 

Enkelt sagt er lean vårt verktøy for å forbetra effektiviteten og kvaliteten i tenestene våre. Målet vårt er å rydda bort "plunder og heft" i kvardagen, slik at det me gjer i arbeidstida vår gir verdi til innbyggarane. Me jobbar også med å rydda bort "plunder og heft" for innbyggarane, slik at innbyggarane raskare kan få tilgang på tenestene dei treng.

Dette er eit langsamt arbeid, men kvar forbetring er eit steg i riktig retning. Suldal heimetenester har vist eit stort engasjement i dette arbeidet.

 

Deling av erfaringar

Leankonferansen, arrangert av Lean Brukernettverket, er Noregs fremste arena for deling av erfaringar og beste praksis innan Lean-metodikk. Inspirasjonsprisen blir delt ut til verksemder som utmerker seg ved å bruka Lean til å skapa varige forbetringar og verdiskaping.