Siste året med stipend til elevar ved Sauda vidaregåande skule - Suldal kommune heimeside

Siste året med stipend til elevar ved Sauda vidaregåande skule

Sidan skuleåret 20/21 har Suldal kommune delt ut stipend til elevar frå Suldal som har gått ved Sauda vidaregåande skule. Ordninga vart oppretta for å stimulera fleire unge frå Suldal til å velja Sauda vidaregåande skule som sin studiestad. Elevar som budde i Suldal kommune og hadde takka ja til studieplass ved Sauda vidaregåande skule, kunne søkja om stipend.

Om ordninga

Gjennom ordninga kunne elevane få utbetalt 10 000 kr. årleg, fordelt på 1 000 kr per månad frå september til og med juni. Totalt 4,5 millionar over seks år.

I løpet av dei seks skuleåra ordninga har vore i drift, har kommunen til saman delt ut om lag 4,5 millionar kroner i stipend.

 

For skuleåret 25/26 er det ikkje mogleg å søka om stipend

Stipendordninga er ikkje vidareført i årets budsjett, for skuleåret 2026/2027 vil det difor ikkje vera mogleg å søkja om stipend frå Suldal kommune til vidaregåande opplæring ved Sauda vidaregåande skule.

Sjølv om stipendordninga no blir avslutta, ønskjer kommunen å nytta midlane til andre formål som kan bidra til å styrkja rekrutteringa og sikre søkjarar til Sauda vidaregåande skule også i åra som kjem.

Kontakt

Profilbilde av Turid Vaage
Turid Vaage
Ass.rådmann/komm.sjef
E-post
Telefon 41 42 40 85
Mobil 41 42 40 85