Stølane barnehage
Stølane barnehage
Stille i naturen
Barnehagane våre jobbar forskningsbasert, og frå forsking veit me at det å vera stille har ein positiv effekt på den parasympatiske delen (av-knappen) av det autonome nervesystemet, som bidreg til å redusera stressnivå og fremjar følelsen av velvære.
Kva andre stader enn ute i Suldalsnaturen kan ein kjenna den gode følelsen av stillhet og velvære, slik som her, på Solvangstranda, i lag med gode barnehagevener. Sjå på svana som sym og leitar etter mat eller å sjå på ringane i vatnet når ein kastar uti stein.
Me håpar denne fine historia frå Stølane barnehage i Erfjord kan inspirera deg også til å vera stille innimellom i kvardagen.