Suldalselevar til finalen i International Language Competition! - Suldal kommune heimeside

Suldalselevar til finalen i International Language Competition!

I dag, torsdag 12. mars, konkurrerte Suldalselevane Andreas Yrkje og Noah Parelius Moe Lindseth i semifinalen i International Language Competition. Dei kom heilt til topps i semifinalen, og må nå klargjer seg for den nasjonale finalen den 10. april i Kristiansand. 

Gutane konkurrerer i engelsk, og har i dag konkurrert mot skular over heile Noreg. I semifinalen fekk dei spørsmål om kulturkunnskap, ordforråd, gramatikk, kort leseforståing og situasjonsbasert kommunikasjon. Tidspresset var stort med berre 40 eller 20 sekund til å svare på spørsmåla, og engelsklærar Anna Storcheus fortel at gutane måtte snakke rolig seg i mellom slik at konkurrentane ikkje skulle høyre dei via Zoom-møtet. 

Anna fortel også at gutane viste utruleg mykje kunnskap og kjempegodt samarbeid. Ho oppmuntrar elevane til å vere med i konkurransen, og at Sand skule har hatt eit lag med til semifinalen tidlegare. Ho fortel at Andreas og Noah engasjerer seg og eksponerer seg for engelsk dagleg, som gjer at dei blir kunnskapsrike. Skulen gir dei retning, men resten av arbeidet gjer dei sjølv.

Anna meiner all ære skal gå til gutane, som har gjort ein kjempeinnsats.

International Language Competition er ein språk- og kulturkonkurranse, og kom til Noreg i 2020. Det er Skandinavias største språkkonkurranse i språka fransk, tysk, spansk og engelsk. 

Målet med konkurransen er å oppmuntre ungdom til vidare språkstudie. 

Konkurransen blir gjennomført i tre deler:

  1.  Nettbasert kvalifiseringsrunde
  2. Semifinale via Zoom
  3. Nasjonal finale i Kristiansand 

 

Henta frå heimesida til International Language Competition. 

No har gutane ein knapp månad til å gjere seg finaleklare, og Andreas fortel at han er nervøs. Noah har vore med på Ryfylkequizen tidlegare og veit litt meir kva det går i.  Begge gutane tek førsteplassen i semifinalen med fatning. Og før finalen kjem ein velfortent påskeferie. 

Suldal ynskjer Andreas og Noah lukke til i finalen!