Utfordringar med nødnummer

Oppdatert informasjon: 
Nødnummera skal no fungere som normalt. Mobil tale er det framleis problem med. Hald linja, så skal anropet gå gjennom. Dette kan ta lengre tid enn normalt. 

Det var tidlegare i dag store utfordringar med nødnett og nødnummer. Nødnummera 110, 112 og 113 fungerte berre sporadisk. 

Dersom du framleis opplev utfordringar og treng hjelp kan du ringe Suldal kommune sin vakttelefon for brann 40 40 63 20. 

Me anbefaler deg å følgje med på nyheitene for oppdatert informasjon.