Forslag til Planstrategi for Suldal kommune 2024-2027 til offentleg ettersyn

Forslag til Planstrategi for Suldal kommune 2024-2027 til offentleg ettersyn

Kommunestyret i Suldal vedtok i møte 19.juni å legga forslag til Planstrategi 2024-2027 ut til offentleg ettersyn.

Om planstrategi

Planstrategi gir ei oversikt over kommunens strategiske val knytt til samfunnsutvikling. Den inkluderar mellom anna langsiktig arealbruk og miljøutfordringar. Dessutan vurderar planstrategien kommunen sine planbehov i valperioden. 

Planstrategien er ikkje ein plan i seg sjølv, men eit verkty som sett rammene for kommunens plansystem, planressursar og samla planbehov. Målet er å avklara kva planoppgåver som skal prioriterast for å møte kommunes behov. I tillegg vurderar planstrategien behovet for å revdera kommuneplanen.

Kommunestyret i Suldal vedtok i møte 19.juni å legga forslag til Planstrategi 2024-2027 ut til offentleg ettersyn jamfør plan- og bygningslova § 10-1.

Les forslag til Planstrategi 2024

Høyringsperioden

Forslag til planstrategi skal gjerast offentleg før kommunestyre si endelege handsaming. I høyringsperioden vil både overordna mynde og privatpersonar kunne koma med innspel. 

Høyringsfrist: 19.08.2024

Innspel sendast til postmottak@suldal.kommune.no eller ved å fylla ut skjema for høyringsuttale.

Torill Telstad
E-post
Telefon 99 40 34 39
Mobil 99 40 34 39