Nesflaten og Suldalsosen var best på plastsortering i juni.

Nesflaten og Suldalsosen var best på plastsortering i juni.

I løpet av juni månad samla desse to bygdene til saman inn 310 kg plast. 95% av dette avfallet var sortert rein plast, noko som er veldig bra! 

Plastsortering - Klikk for stort bileteNesflaten plast Suldal renovasjon

Plastinnsamling i alle grendene

Etter brannen ved IVARs ettersorteringsanlegg på Forus i 2022, har alt avfall i restavfallsbehaldarane gått til forbrenning ved Forus energigjenvinning. Som ei midlertidig løysing, til nytt ettersorteringsanlegg står klart om nokon år, anbefaler me alle å sortere ut plastemballasje heime, og levera dette i containarane me har sett ut i grendene.

Du kan levera plastavfall i heile kommunen:

  • Sand - Gåsavika gjenvinningsstasjon
  • Nesflaten - ved sentrumsbygget
  • Suldalsosen - ved reinseanlegget i Prestavikjo
  • Jelsa - ved hytterenovasjonspunkt Holemyrvegen
  • Erfjord - ved off.toalett Hålandsosen
  • Ropeidhalvøya - ved butikken i Vatlandsvåg
  • Vanvik - i krysset Vanvikvegen/Fattnesvegen

 

Du kan lesa meir om plastsortering i Suldal på denne sida. 

 

Hugseliste for deg som vel å sortera ut plastemballasje:

  • Skyll, og rist godt – eller tørk litt.
  • Kast plasten i eigen pose (bærepose e.l).

 

NB!!! Plast som ikkje er emballasje (leiker, hageslangar, presenningar, skumgummi og hagemøblar) er restavfall.