No kan fleire bli lærarar!

No kan fleire bli lærarar!

Frå 20. juli 2024 kan alle med generell studiekompetanse søkje på ledige studieplassar til grunnskulelærarutdanninga ved Høgskulen på Vestlandet. 

No treng du nemleg ikkje meir enn generell studiekompetanse for å starte på grunnskulelærarutdanninga, og denne moglegheita er det verdt å gripe. Kanskje har du prøvd å komme inn før, men ikkje lukkast? No har du ny sjanse! 

20. juli blir det lagt ut ledige studieplassar på lokalt opptak til lærarutdanningane som ikkje har fylt opp studieplassane sine gjennom Samordna Opptak 

 

Me har støtteordningar du kan søkja på

Dersom dette kan vera noko for DEG, har me støtteordningar du kan søkje på. Høgskulen på Vestlandet vil dessutan ha mentorordningar og støttestrukturar for å styrke læringsmiljøet til studentane og fagleg motivasjon gjennom studentseminarer, samtalar, og drop-in rettleiing. 

 

Søk

Søk då vel! Me treng deg! 

Les meir om søknadsprosessen og opptaket på nettsidene til Høgskulen på Vestlandet. 

 

Svein Carlos Nilsen Gjil
Kommunalsjef oppvekst
E-post
Telefon 99 07 88 63
Mobil 99 07 88 63