Suldal heimetenester
Suldal kommune
Kvifor jobbar me med forbetring?
Enkelt sagt er lean vårt verktøy for å forbetra effektiviteten og kvaliteten i tenestene våre. Målet vårt er å rydda bort "plunder og heft" i kvardagen, slik at det me gjer i arbeidstida vår gir verdi til innbyggarane. Me jobbar også med å rydda bort "plunder og heft" for innbyggarane, slik at innbyggarane raskare kan få tilgang på tenestene dei treng.
Dette er eit langsamt arbeid, men kvar forbetring er eit steg i riktig retning. Suldal heimetenester har vist eit stort engasjement i dette arbeidet.
Deling av erfaringar
Leankonferansen, arrangert av Lean Brukernettverket, er Noregs fremste arena for deling av erfaringar og beste praksis innan Lean-metodikk. Inspirasjonsprisen blir delt ut til verksemder som utmerker seg ved å bruka Lean til å skapa varige forbetringar og verdiskaping.