Skatteetaten tek over ansvaret for skatteoppkrevjaroppgåvene

Denne artikkelen er over 1 år gammel og kan innehold utdatert informasjon

Skatteetaten tek over ansvaret for skatteoppkrevjaroppgåvene

Frå 01. november 2020 tek Skatteetaten over ansvaret for skatteoppkrevjaroppgåvene som kommunen har i dag. Etter denne datoen er det ikkje lenger skatteoppkrevjar i Suldal kommune.

Oppgåvene som blir overførte til Skatteetanten er blant anna handsaming av restskatt, skattepenger til gode, tilleggsforskot, forskotstrekk, arbeidsgivaravgift, motrekning og utleggstrekk knytte til skattekrav, skatteattestar og konto/ saldoutskrift for skatt og avgift.

Skatteetaten får eit heilskapleg ansvar for fastsetting, innkrevjing og kontroll av skatt og avgift, og alle førespurnadar som gjeld skatt framover må rettast dit.

Skatteetaten kan nås på: telefon 800 80 000 – eigen chat på www.skatteetaten.no – chat på facebook – sende melding  på www.altinn.no


Sjå meir på skatteetaten.no/ny-skatteoppkrever