Suldal heimetenester er nominert til Lean inspirasjonspris

Suldal heimetenester er nominert til Lean inspirasjonspris

Suldal heimetenester har dei siste åra nytta lean-metodikk for å forbetra tenestene sine, med innbyggarane i fokus. I år er dei nominerte til årets inspirasjonspris av Lean-brukarnettverket. Prisen skal delast ut på Lean-konferanse i haust. 

Lean inspirasjonspris - Klikk for stort bileteSuldal heimetenester Suldal kommune

Inspirasjonsprisen

Det er Lean-brukarnettverket som deler ut den kjekke prisen. Prisen går til bedrifter som deler av sitt forbetringsarbeid, og med dette inspirerer andre. 
 

Lean - Klikk for stort bileteInspirasjonspris Lean brukernettverket

Lokalt i Suldal kommune har Suldal heimetenester hyppig delt av sitt forbetringsarbeid, og inspirert andre einingar til å sjølv sjå på korleis me kan gi tenestene våre på nyare og smartare måtar, heile tida med innbyggarane i fokus. 

 

Lean brukernettverket

Det er altså brukarnettverket som deler ut prisen. Dette er eit nettverk for alle bedriftar som er opptatt av forbetringsarbeid. Målet er å bygga eit sterkt Lean miljø og etablera nye relasjonar på tvers av ulike bransjar.

 

Gratulerer

Me gratulerer så mykje, dette er vel fortent. Me er glade for at Suldal kommune sitt arbeid viser igjen i det store fellesskapet. 

Prisen blir delt ut på lean-konferansen 12.-13. september.