Suldal kommune lanserer ny innsynsløysing

Suldal kommune lanserer ny innsynsløysing

Me ønskjer å legga til rette for eit demokratisk samfunn, og sjølvbetente innbyggarar. Difor lanserer Suldal kommune no ei ny innsynsløysing som er enklare å søka og navigera i.

Open kommune

Suldal kommune har lenge vært ein open kommune. Til motsetning frå fleire andre kommunar har me over tid publisert dokument i fulltekst på nettsida vår. Me ser at "postlistene" får mykje treff, og at dette er innhald innbyggarane set pris på.

Ny og enklare innsynsløysing

Me tar likevel eit steg opp, og lanserer no ein ny og meir brukarvenleg innsynsløysing. Dette gjer me fordi me ser at den gamle løysinga er utfordrande å navigera i.  Dersom ein er på leit etter spesielle dokument, er det ikkje enkelt å finna fram slik løysinga har fungert.

Den nye løysinga er meir intuitiv, og det skal vera enklare å søkja og filtrera på innhald.

I den gamle løysinga avpubliserte me dokument etter 1 år. No vil me fullpublisera saksarkiv inkludert byggesaksarkiv frå 01.01.2020. Dokument som er produsert før 01.01.2020 vil ha ein knapp som du kan trykka på viss du ønsker innsyn.

Ikkje alle dokument blir publiserte

Lova regulerer kva dokument me gjer tilgjengeleg for allmenta. Som tidlegare vil me ikkje publisera personlig helseinformasjon, elevsaker, barnehagesaker eller personalsaker. Dette med omsyn til personvern. 

Kan bli tekniske utfordringar i starten

Av erfaring veit me at det alltid er ein viss risiko for tekniske utfordringar ved lansering av nye system, me ber difor om litt tolmod no heilt i starten.

Me håpar den nye innsynsløysinga vil vera eit godt tilbod for innbyggarane våre, og andre interesserte.

Therese Mattjus
E-post
Telefon 92 34 36 53
Mobil 92 34 36 53