Ny elevheim på Rygjatun

Ny elevheim på Rygjatun er planlagt ferdig sommaren 2025. 

Om byggeprosjektet

  • Byggestart våren 2024
  • Ferdigstilling planlagt sommaren 2025
  • Herda er totalentreprenør
  • Det gamle bygget som skal rivast er frå 1964
  • I byggeperioden vil det gå mykje tungtransport gjennom skule- og aktivitetsområdet på Eide. Entreprenørane er klar over dette, men det er viktig at alle som ferdast er meksame i trafikken. Me set opp ein automatisk fartsmålar inn til skuleområdet
  • Under byggeperioden blir det sett opp ein mellombels brakkerigg/bolig for elevane

Nye Rygjatun vil bestå av: 

  • 2 etasjar
  • 40 hyblar
  • Fellesrom

 

 

Ny elevheim - Klikk for stort bilete
Ny elevheim - Klikk for stort bilete
Ny elevheim - Klikk for stort bilete
Ny elevheim - Klikk for stort bilete
Ny elevheim - Klikk for stort bilete

 

Ny elevheim står klar

01.08.2025
Rygjatun september 2024

September 2024

Bygginga av elevheimen går framover med stormsteg. Dette blir eit flott og moderne bygg som vil gje elevane eit fantastisk miljø å bu i.

Kjetil Brekke
04.10.2024 11.52
Rygjatun

Elevheimen er under tett tak!

Me er stolte av å kunngjere at bygget no er tett, og elevheimen byrjar verkeleg å ta form. 

Dette er ein viktig milepæl i prosjektet vårt, og me ser fram til dei neste stega!

Rygjatun Consto AS
19.09.2024 11.36

Bygget tar form

No har me sett på plass klimaveggane med vindauge (ferdigelement). Det står att nokre område som skal konstruerast direkte på staden før me kan fastslå at dei utvendige veggane er fullførte.
Me held fram med takkonstruksjonen i samsvar med planen.
 

Byggeprosjekt - Klikk for stort bileteRygjatun Suldal kommune
27.06.2024

Markering av Råbygg saman med grunn- og betong entreprenørar.

Ny elevheim - Klikk for stort bileteRygjatun Suldal kommune

Dette er meir enn berre ein bygning; det er ein stad der Toppvoley Norge elevane vil bu, lære og vekse. Vi ser fram til å sjå korleis dette prosjektet utviklar seg og til slutt blir eit heim for dei.»

04.06.2024

Omvisning på byggeplassen

I dag har partnarskapet ToppVolley fått omvisning på byggeplassen. Dei var stornøgde med framdrifta i prosjektet, og gledar seg til elevheimen skal stå ferdig skuleåret 25/26.

I partnarskapet er: 

  • Rogaland fylkeskommune
  • Sauda kommune
  • NVBF, Norges Volleyballforbund
  • Statkraft
  • Suldal kommune
Rygjatun ny elevheim - Klikk for stort bileteBesøk på byggeplassen Suldal kommune Rygjatun ny elevheim - Klikk for stort bilete Suldal kommune
15.05.2024 02.00

Byggestart ny elevheim

Byggestart ca. mars 2024

01.03.2024

Me graver ut ny tomt i løpet av Januar 2024

01.12.2023

Rivearbeidet av den gamle elevheimen er i gong

Rivearbeid - Klikk for stort bileteGamal elevheim Rygjatun Suldal kommune

 

Entreprenøren jobbar no med 2 maskinar, ein som riv og ein som sorterer. 
Arbeidet vil pågå frå:

  • Kl. 07:00 – 19:00 måndag til torsdag
  • Noko dagtid på fredagar
  • Unnataksvis laurdagar må og reknast med. 

 

21.11.2023

Me river den gamle elevheimen

Rivearbeidet vil pågå frå ca. midten av oktober 2023 til januar 2024. 

16.10.2023

Prosjektetstart

18.09.2023

Elevheimen er under tett tak!

Rygjatun 18.09.2024 - Klikk for stort bileteRygjatun 18.09.2024 Consto AS

Me er stolte av å kunngjere at bygget no er tett, og at elevheimen verkeleg byrjar å ta form. 

Dette er ein viktig milepæl i prosjektet vårt, og me ser fram til dei neste stega!

 

Kontakt

Profilbilde av Øyvind Stueland
Øyvind Stueland
Ass.rådmann/komm.sjef
E-post
Telefon 91 38 14 07
Mobil 91 38 14 07