Nye Suldal sjukeheim

Me bygger Nye Suldal sjukeheim, som er planlagt ferdig sommaren 2025. 

Om byggeprosjektet

  • Byggestart sommaren 2023
  • Ferdigstilling planlagt sommaren 2025
  • Inventar og utstyr frå gamle Suldal sjukeheim er gått til gjenbruk. Også vindauge, dører og massar frå bygget går til gjenbruk
  • Herda totalleverandør AS er totalleverandør for prosjektet og nyttar ulike underleverandørar undervegs
  • Mallahytta som stod innanfor byggområdet er blitt gitt bort til ein heldig ny eigar etter 1. mann til mølla prinsippet
  • Under byggeperioden forsvinn ein del parkeringsplassar rundt legekontoret, men nye parkeringsplassar er lagt til rette for bak Bjødnateigen. Du kan også parkera rundt inngongen til legevakt (ved sidan av helikopterlandingsplassen), eller ved kommunehuset

Nye Suldal sjukeheim vil bestå av: 

  • Oppvarma atrium med plantevegg
  • Utvendig atrium med ulike sanselege opplevingar
  • Ingen lange korridorar, men rundgangar kring atriuma
  • Takterrasse med panoramautsikt, der ein kan trilla ut både senger og rullestolar
  • Døgnrytmebelysning som forsking seier har positiv effekt på helsa til både bebuarar og tilsette
  • Opphaldsstover for bebuarar som har behov for minimal ytre påverknad

 

 

Slik ser det ut i dag

Nye Suldal sjukeheim Consto Rogaland AS Nye Suldal sjukeheim Consto Rogaland AS

 

Nye Suldal sjukeheim Consto Rogaland AS
19.09.2024 13.18

Status og informasjon om pågåande arbeid

Framdrifta i prosjektet følgjer oppsett plan. 

På baksida av bygget pågår det no nedsetting av kummar før oppfylling og planeringsarbeid.
Høgspentledningane er lagt inn til traforommet og trafoen kjem på plass i løpet av kommande veka. 

Innvendig er sparkling og malararbeidet godt i gang i 2 og 3 etasje i A-bygget. Arbeidet med legging av golvbelegg i dei same etasjane startar innan eit par veker.
Elles pågår arbeid med alle dei tekniske faga i heile bygget i himlingar og vegger, samt og lukking/ plating av vegger.

Stengt veg 19. - 20.september

Asfaltering av vegen opp til helsetunet og parkeringsplassen utom legevakta blir utført 19. og 20.september. Då stenger me krysset og vegen. Me opnar bommen på Eide for gjennomkøyring til Hauen, kommunehuset og Helsetunet.

Kart - Klikk for stort bileteOmkøyring Suldal kommune


 

 

19.09.2024 12.47

Sommarstatus

02.07.2024

27.juni 2024

Byggeprosjekt - Klikk for stort bilete27.juni 2024 Suldal kommune
27.06.2024

Status og informasjon om stengt veg

Bygget er tett og murarbeidet er i gang på baksida av bygget. 

Innvendig er det full gang med alle tekniske fag. Innarveggane blir isolerte og plata på begge sider. 

Det vil vera noko aktivitet innvendig i bygget gjennom heile juli.

 

Stengt veg 5. - 7. juli

Det meste av grøftearbeidet mellom sjukeheimen og Helsetunet blir ferdig i løpet av veke 26. 

Nedsetting av kum i Eidsvegen blir utført i løpet av første helga i juli (fredag- søndag 5. - 7. juli). 

Då stenger me krysset og vegen. Me opnar porten på Eide for gjennomkøyring til Hauen, kommunehuset og Helsetunet. 

Kart - Klikk for stort bileteOmkøyring Suldal kommune

 

Prosjektet per juni 2024

26.06.2024

Omkøyring til helsetunet/legekontoret

I dag startar me arbeidet med omlegging og delvis ny trasé for overvann frå baksida av sjukeheimen/ helsetunet, forbi kommunehuset og ned til kummane i krysset i Eidsvegen. 

I samband med dette arbeidet må ein pårekna noko omkjøyring via fram eller baksida på kommunehuset for å kunna køyra inntil helsetunet/legekontoret. 

Me vil informera og skilta eventuell omkøyring når det er aktuelt.

Gravearbeidet vil pågå fram til medio juni.

06.05.2024

Bygg A er tett

Byggeområde - Klikk for stort bileteNye Suldal sjukeheim Consto Rogaland AS

Status på byggeområdet i dag er: 

Bygg A

  • Taket på bygg A er no tett, med unntak av det mindre taket over 4. etasje som er venta tett over påske
  • Yytterveggene er plata
  • Vindauga i 3. etasje er montert
  • Vindauga i 1. og 2. etasjer blir montert før påske. Då blir det sett på varme og avfuktarar i bygg A
  • Montering av ventilasjonskanalar og røyrføringar er godt i gang
  • Me har starta oppsett av innerveggar

 

Bygg B

  • Stillaset er sett opp rundt bygget
  • Me har begynt på oppsett av skallveggar (ytterveggar) 

 

 

Byggeområde - Klikk for stort bileteNye Suldal sjukeheim Consto Rogaland AS Byggeområde - Klikk for stort bileteNye Suldal sjukeheim Consto Rogaland AS Byggeområde - Klikk for stort bileteNye Suldal sjukeheim Consto Rogaland AS
15.03.2024

Siste konstruktive platestøypen til B-bygget er utført

Byggeprosjekt - Klikk for stort bileteNye Suldal sjukeheim februar 2024 Suldal kommune

 

Den siste konstruktive platestøypen til B-bygget er no utført. Det betyr at elmonteringa kan gå vidare som planlagt over helga. 

 

09.02.2024

Det er framgang på byggetomta. Slik ser det ut i dag.

Byggetomt - Klikk for stort bileteByggetomta til Nye Suldal sjukeheim Suldal kommune Byggetomt - Klikk for stort bileteByggetomta til Nye Suldal sjukeheim Suldal kommune Byggetomt - Klikk for stort bileteByggetomta til Nye Suldal sjukeheim Suldal kommune
31.01.2024

Elementa til golvet i 3. etasje blir ferdig montert til jul

Status byggeprosjekt - Klikk for stort bileteNye Suldal sjukeheim Consto Rogaland AS
  • Elementa til golvet i 3. etasje på A-bygget blir ferdig montert til jul.
  • 4. etasje blir montert i løpet av dei første vekene i januar
  • Elementa til B-bygget blir montert innan utgangen av februar. 
21.12.2023

Slik ser det ut på byggetomta i dag

Byggetomt

 

04.09.2023

Slik ser det ut på byggetomta i dag

Nye Suldal sjukeheim - Klikk for stort bileteByggeområde Suldal sjukeheim Herda totalentreprenør

 

06.07.2023

Dronebilde, slik ser det ut på byggetomta i dag

Ny sjukeheim - Klikk for stort bileteByggetomt Nye Suldal sjukeheim Herda totalentreprenør

 

23.06.2023

Peling startar

Pelearbeidet vil skje i to etappar:

  • Veke 25-26 (juni)
  • Veke 32-35 (august)

 

19.06.2023

Dronebilde, slik ser det ut på byggetomta i dag

Dronebilde - Klikk for stort bileteByggetomt Nye Suldal sjukeheim Herda totalenprenør

 

07.06.2023

Arbeid med sprenging startar

I løpet av denne veka startar sprengingsarbeidet. Sprenginga vil bli varsla med sirene ca. 1 minutt før salva blir avfyrt, og nære naboar blir varsla ca. 30 minutt før kvar sprenging.

Spreningsarbeidet vil stoppa opp 3 veker i juli. I august startar arbeidet igjen. 

05.06.2023

Rivemassane blir transporterte frå riveområdet til Velaskaret for midlertidig deponering.

I Velaskaret blir det sett opp eit lite knuseverk for å ta ut resten av armeringa i betongen. Betongmassane kan då gjenbrukast som fyllmasse andre stader. 

16.05.2023

Dronebilde av området

Nye Suldal sjukeheim - Klikk for stort bileteStatus Arild Vaage

 

20.04.2023

Rivearbeidet er i gong

Riving av gamle Suldal sjukeheim - Klikk for stort bileteRiving sjukeheim Torbjørn Guggedal

 

19.04.2023

Rivearbeidet startar

Frå no blir det støy og støv i området rundt 

11.04.2023

Skoging bak sjukeheimen er ferdig

28.03.2023

Heile området blir gjerda inn (inkludert parkeringsplassar)

Riggplan Omega Areal

Parkering

I byggeperioden forsvinn ein del parkeringsplassar rundt inngangen til legekontor og helsestasjon. Det er lagt til rette for ny parkeringsplass nedanfor Bjødnateigen. Du kan også parkera ved inngangen til legevakt (ved sidan av helikopteroppstillingsplass), eller rundt kommunehuset. 

01.03.2023

Mallahytta får ny eigar

Raud hytte bak sjukeheimen - Klikk for stort bileteMallahytta Arild Vaage

Du har kanskje sett Mallahytta, den litle raude hytta bak sjukeheimen? I denne perioden blir hytta demontert og gitt bort til ny eigar. 

15.02.2023

Dører og vindauge skal ut og nyttast andre stader

14.02.2023

Det blir sett opp byggegjerde rundt den eksisterande sjukeheimen. 

13.02.2023

Brannvesenet nyttar det tomme bygget til brannøving. 

30.01.2023

Gamle Suldal sjukeheim er tømt

Sjukeheimen er tømt for inventar og utstyr - Klikk for stort bileteSuldal sjukeheim Elin M. Bakka

Gamle Suldal sjukeheim er tømt for møblar, inventar og utstyr. Mykje er gått til gjenbruk, og kan vera til glede for andre. 

25.01.2023

Prosjekteringsmøta startar

25.01.2023

Slik ser det ut på byggetomta i dag

Kontakt

Lisebeth Gjøse
E-post
Telefon 95 72 07 38
Mobil 95 72 07 38