Kjølvikstølen barnehage ligg midt på Ropeidhalvøya i Grendahuset sitt bygg. Me har fin uteplass kor borna kan utfordra seg i kuppert terreng. Fint miljø rundt, mykje skog og fin natur. Me har også tilgang til strand og gardar i nærmiljøet.
I tillegg har me ein avdeling i Vanvik, som ligg fint til med kort avstand til både skog og strand.